lørdag 1. september 2012

Vertsfamilie #1

Bonsoir!

I går møtte me vertsfamiliane for fyrste gong. Alle kom til Caen, og det var ein samling kor alle fekk helse på alle og dei som har arrangert dette opplegget holdt nokon talar eg ikkje forsto mykje av. Uansett, å møta "vertsen" (som Maria seier) var kjempestas. Familien min består av mor Sylvie og Lucile på 17 år. Ho har ei storesøster på 21, men ho bur og studerer i Paris. Me bur i ein leilighet ikkje langt frå skulen. Leiligheten er ikkje så stor, men den er kjempekoselig. Familien min elskar kunst og jazz, og vertsmora mi lagar utruleg god mat.

I dag har me shoppa ting og tang til skulen og til rommet mitt. Eg elskar rommet mitt, det er stort og fint. Men senga mi er litt smal, då. I natt vakna eg av at eg nesten datt ut av den. Akk ja. Detaljer, detaljer.

Så! Her er litt bilder.

 Denne lappen heng på døra til rommet mitt. Supersøt. Aaaah, vertsfamilien min altså.



Rommet mitt, sett frå døra. JA eg har ein bamse sue meeeee.


Rommet mitt sett frå, ja, inni der eit sted.

OOOK! Då håpar eg Maria og Synne har tenkt å blogga litt om vertsfamiliane sine og.

Au revoir!

- Idunn

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar