søndag 21. oktober 2012

Grensesprenging!

Ja, du las rett. Denne helga, eller denne laurdagen har eg og Idunn sprengt grenser! Me kunne starta eit program og kalla det: "Idunn og Maria gjer ting dei ikkje kan". Og allereie i første avsnitt ( i går) gjorde me mange nye ting. Kan tenkja meg at de er særs spente på kva det er me har gjort, så eg skal ikkje halda dykk  på pinebenken lenger. Dagen starta med at eg reiste opp og var med på eit arrangement som heitte "tennis en famille" der foreldre tok med dei små borna sine og lærte dei å spela tennis. Dette var litt forvirrande for meg for me blei delt inn i ulike grupper der foreldrene skulle gå ein plass, og ungane ein annan og eg ikkje gjekk under nokon av kategoriane. Eller då foreldra skulle spela saman med sine born var jo det og eit problem for meg med tanke på at eg ikkje har nokon born. Etter at dette arrangementet var over blei eg igjen litt med vertsbroren min Lucas for å spele litt meir. Og out of nowhere dukka Idunn opp, neidå, det var liksom planen. Idunn såg på kor flink eg hadde blitt, så då ville ho og prøva seg litt. Kva kan me seie, begge to er naturtalent, eller ikkje! Men me hadde ikkje tid til å spela så lenge, fordi det var fleire grenser som venta på å bli sprengt den dagen. På veg til neste stopp på den spennande ferda vår, gjorde me som alle oppdagelsesreisande og gjekk oss vill. Jepp, i vesle Argentan gjekk me oss vill! Så då måtte eg ringa og sei "On est perdu!" ..den har eg blitt mobba litt for i dag. Men etter langt om lenge og lenger enn langt fann me fram til ein ny idrettshall. Og denne gongen var det basketball som stod for tur. Nei, me har ikkje spelt basket, men me såg ein kamp. Ingen av oss kunne meir om basket enn kva me har lært av "One Tree Hill", så det blei ein smule keisamt. Men grensesprenginga stoppa ikkje der (diverre?). På kvelden var me begge to med våre vertsfamiliar på spetakkel eller spectacle. Neidå, var ikkje spetakkel, men jazzdans, men det kan jo til tider oppfattas som spetakkel. Etter jazzdansen vart det ikkje sprengt fleire grenser. Til slutt må eg og leggja til at Idunn begynte grensesprenginga før meg, ho har nemleg vore til frisøren i Frankrike, på fransk! Og ho er no trop belle!

Bisous!

fredag 19. oktober 2012

Weekend in Paris!


Bonjour à tous!
Nå jeg har jeg pakket og er klar for Paris! Toget går i 13tiden og jeg skulle egentlig vært på skolen til 12, meen vi fikk nettopp vite at læreren ikke var her og i Frankrike har de ikke hørt om vikarer. Så nå sitter jeg og Idunn på rommet mitt og chiller (mye bedre enn å ha historie!).

Tar toget alene til Paris og møter familien min på stasjonen der. Skal bli utrolig godt å se familien min igjen :)) nesten TO måneder siden sist (helt sykt)!!

Har vært i Paris en del ganger, så regner med at det blir mest shopping og familiekos!
jealous anyone? you should be!
Håper alle får en fiin helg!
Bisous
- Synne

onsdag 17. oktober 2012

Paris og besøk og sånt!


Heeja bloggææn!

Tenkte eg kunne skriva eit lite innlegg om at eg har hatt besøk. Ja, er jo faktisk ei veka sidan dei reiste, så er vel på tide. 
Fredag 5.10 reiste eg åleina til Paris, men blei møtt av David og pappa på stasjonen. Det var kjempekjekt å sjå alle igjen! Det var jo og 80 årsdagen til gomor, så den blei feira den kvelden!


heile gjengen minus pappa

På laurdag beøkte me Louvre og Champs-Élysées. Dagen etterpå blei dei Eiffeltårnet og båttur på Seinen.



På måndag reiste nokon tilbake til Noreg, og eg reiste tilbake til Argentan. På tysdagen kom mamma og gjengen til Argentan. Dei budde hjå vertsfamilien, og eg og fekk lov til å bu "heima" medan dei var her. Her kjem nokon bilder frå Argentan!

Utanfor huset



My new roomies!









Innlegget heite jo "Paris og besøk og sånt" så no har de jo fått Paris og besøk, så då må eg nesten berre slenga med eit fint bilde Guro sendte til meg i dag.

Tusen takk!


Ja, ellers er det berre litt over 2 mnd til me kjem heim! (2 mnd og 4 dagar!)

Bisous

mandag 15. oktober 2012

#yolo

Hallo ven, bekjent, familiemedlem, fiende eller tilfeldig forbipasserande blogglesar! Lat meg fortelja deg litt om dagen min i går!
Vertsmora mi, som er ei veldig hyggelig dame, tok meg med til ein by som heite Failaise eller Falaise eller...noe. FØDEBYEN TIL WILLIAM EROBREREN faktisk. Kor kult er ikkje det! Ja, me var på eit sånt slott som han budde på. Det var ganske kult. Han har visst sånn 100 slott rundt om kring i Normandie og England. Uansett, sidan eg ikkje gidd å skriva så mye fordi eg er 2 cool 4 school, her er nokre bilete eg har sterkt overredigert:











Gros bisous!

Idunn

søndag 14. oktober 2012

Helg igjen

No skal me skjerpa oss. Går vist litt tid mellom kvart innlegg for tida. Me beklagar på det sterkaste.


Nå er det altså helg og vi i Argentan koser oss for fullt. I går var vi alle tre hos Maria og så The Big Bang Theory. woop woop. Etter at Idunn hadde gått laget vi ostesmørbrød, naam. Senere gikk vi (Maria&Synne) og Lucas (vertsbroren til Maria) på bar. Vi hadde det kjempe kjekt og snakket om alt mulig rart!
Etter vi var på baren gikk vi hjem til Maria og sov.
Veldig bra helg med andre ord!

Vi begynte egentlig på dette innlegget i går, men gadd ikke å gjøre det ferdig da.
Her er noen bilder :)





Håper alle har hatt en super helg! <3

Bisous
- Maria & Synne

torsdag 4. oktober 2012

Still alive

Hei og hå!

Ja, no har da gått ei lite stund sidan sist. Men her skal det få ein kjapp oppsummering av kva som har skjedd i det siste!
Sist helg reiste eg(Maria), Idunn og Annvor til Bayeux der me møtte gamle kjenningar. For meg var det spesielt kjekt å sjå Guroen igjen, og ekstra kjekt at ho hadde vore kjempegrei og tatt med ein sjokolade til meg! <3 dette hjerte er til deg Guro!

Idunn og meg i Bayeux, takk Bendik

Du får eit hjerta til <3


Kjøpte is, fordi me kan! ...er ikkje så kaldt her  he he

På måndag var me tilbake på internatet, ikkje så masse anna som skjedde.
På tysdag var det filmkveld her. Dei meiner at det er godt for miljøet blandt oss jentene på internatet. Diverre hadde ikkje filmen sous-titres, så for meg blei det nett litt keisamt. Endte med at eg kvilte augene over ein litt lengre periode.
I går var eg på utflukt med nokon av jentene i går. Og turen gjekk til (trommevirvel....) La maison des dentelles à Argentan! Altså eit museum der dei hadde blonder frå ulike områder i Frankrike, og frå ulike tider. Fantastisk!

Den søte parken i Argentan


Eg får heller ikkje til å snu bildene


Parken vår har det meste

Eg og Synne gjer alt for å prøva å bli franske. No har me begynt med hobbyen ost! Så omtrent kvar lunsj og middag nyt me ulike ostar, og etterpå har me heftige diskusjonar om smak, lukt osv.
Ellers tok Håvard seg ein tur til Argentan i dag, det er jo alltid kjekt!

EG FÅR BESØK I MORGON!!!!

À demain!