tirsdag 11. september 2012

Nett ein liten oppdatering

Her kjem ein liten oppdatering på kva eg (Maria) har gjort på dei siste dagane.

( Veit det er litt kjedeleg å lese laang tekst uten bilder så derfor legg eg ut nokon. Men har liksom ikkje nokon bilder som passe bra til denne teksten, so eg berre legg ut litt ting eg finn på mobilen)

Fredag var det skule, men sidan eg ikkje går i samme klasse som Idunn og Synne var eg så heldig at eg var ferdig kl.15.00! Da kjente eg at va heilt ok, for då eg kom heim sovna eg med ein gong. Hadde igrunn gleda meg litt til fredagen for då skulle eg ha engelsk sånn at eg kanskje kunne brife litt. Men sjølvsagt snakka jo læraren fransk heile timen. På slutten av timen då ho oppdaga at eg satt der som eit litt "skuffa spørsmålstegn" skjønte ho at eg er norsk, og ho berre: "unnskyld, unnskyld for at eg snakka fransk" ...men hadde engelsk i dag og, og ho snakka fortsatt fransk. Meen tilbake til fredagen, etter ein litt lang powernap reiste eg på fotballtrening. Hehe, kva skal eg sei? Det er ein smule annleis enn i Noreg. Eg trudde det var eit jentelag, men nei. Det var ei god blanding av alt mulig, men kjempehyggjelege alle saman, og sjølv om gjennomsnittsalderen var ein smule høgare enn eg hadde venta, så var dei faktisk ganske ok på fotballbanen.


Frukost laurdag, sol og varmt!


Denne helga hadde vertsfamilien min besøk av ein mann med sine to små døtrer, så det var fullt hus. Vertssystra er også heime, så forrige måndag var me på bar med Idunn. Nok om det. Laurdagen ja, han mannen var her fordi dei skulle i ein bursdag på laurdag. Men så skulle dei på sykkeltur, denne gongen lurte eg meg bort ein liten tur til Synne! Etter dette bar det i veg til 40-årsdagen til han som eig bowlingen her i Argentan. Det begynte med ein apéritif som skulle ingen ende ta. På festen var det lærarar og volleyballspelarar og meg. Leikte den "ikkje sei ja og nei leiken" med ein tysklærar for han meinte det var ein god måte for meg å læra fransk på ...han har sikkert eit poeng der. Ellers var det høg party-faktor og me sang "Appy bøøørtay"!

Denne her fartar eg rundt på i Argentan, grei til små, korte turar, mindre grei til 4 mil.


På søndag spelte eg fotballturnering med jentelaget til Argentan (der var det omtrent berre jenter på min alder). Me tapte den fyste kampen 0-1, så vann me den andre 2-0, og så tapte me den siste 0-1. Skulle eigentleg spela fem kampar, men turneringa blei avslutta tidlegare fordi det var FOR VARMT!! Ta den kalde Noreg! Då eg kom heim pakka eg bagen til internatet, og gjorde meg ellers klar for ei ny skuleveke.

I Frankrike heiter eg "Noriq". Neidå, . Synne er "Sinn" og Idunn har litt fleire, "Ildunn" og  "Idoon" er dei som går oftast igjen.  Maria er faktisk det namnet dei klarar å sei av oss tre, takk mamms og papps! Dette er "matkortet" mitt.


Ellers kan eg meddela at eg står opp kl.06.40 kvar morgon, og ja mamma, da går faktisk heilt fint!

Ja, no er det då 24 dagar til eg får besøk, og det er absolutt noko eg ser fram til! Hadepåbade!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar