onsdag 26. september 2012

Onsdag!

Ja, no tar me jo heilt av med bloggingen, to dagar på rad! Må berre få fram at onsdagen nesten er den beste dagen i veka her! Ikkje berre er det god frukost og halv skuledag, men i dag har eg og vore på tur! Kanskje eg hadde sove litt i timen sidan eg ikkje hadde fått det med meg. Men skulelaget til Mezeray skulle til  Alençon for å spela kampar mot ein skule der. Alençon er "hovudsataden" i departementet Orne som me bur i. Den første kampen vann me 2-1 og den andre trur eg me vann 8-0. Sist gong eg spelte fotballkamp blei turneringa avslutta tidlegare fordi det var for varmt. I dag derimot hadde ikkje eg hatt noko problem viss dei berre hadde avlyst heile tingen fordi det hølja ned her. Skikkelig kaldt! 

Ellers må eg berre skryta litt av meg og Synne som i går blei kalla (og eg siterer): verdens beste romvenninner <3  Ja, i går kjøpte me vannkokar, og overraska Idunn med te og sånt. Me er søte <3

A+

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar