torsdag 6. september 2012

Livet på internatet

JAAAAAAAAAAAAAAAA! No har me internett! Me har gått igjennom to dagar utan nett, der hyttekjensla har kome fleire gonger. No sitt me alle tre på kvar sin PC, og skypar med kjente og kjære. Godt å sjå dykk igjen <3 På tysdag kom me til internatet, noko som var ganske deilig for me tre deler rom og her har me Norwegian-Zone. Ja, tysdagen ja. Me var her til lunsj kl.11.30 og her såg me då kor stor skulen eigentleg er (ca.800 elevar). Og igjen, kjempemasse mat! Noko som er litt dumt her er at internatet ikkje opnar før 19.00, før dette har me ete middag (18.15 for å vere presis) og ja, me kjem ikkje inn på rommet i løpet av dagen. Jaja, det er vel noko me lyt venna oss til. Så tysdag pakka me ut, og det var vel det som skjedde den dagen.

Onsdag! Halleluja! Onsdag i Frankrike er fantastisk. På onsdagane er det nemleg halv skuledag, altså frå 08-12 (for meg (parantes inni parantesen, Maria)). Idunn og Synne er så heldige at dei sluttar kl.10. Etter denne korte affæren gjekk me litt rundt i Argentan før me åt lunsj. Etter lunsj gjekk me heim til vertsfamilien min der me koste oss med litt "Big Bang Theory". Ellers opplever me litt den fransk-hovudverken. Dette er noko som kjem på kveldstid som eit resultat av veldig masse fransk, litt masse som me ikkje forstår, og alt det nye rundt oss.

Dagen i dag har for min del vore ok+. Etter berre to timar med fransk var skuledagen min eigentleg over. Heldigvis har me eit mediatheque her i Argentan. Det er eit bibliotek, galleri++. Diverre var dette ikkje opent torsdag føremiddag. Meeen eg trur eg har fått vener!! Jess, bra jobba Maria! Så eg "hang" med dei då. Klokka 14 kom Håvard til Argentan og me hadde litt fransk med han. Desse fransktimane er til stor hjelp, og me sett veldig pris på dei! Haha, alltid kjekt med ein som sprer godt humør, det treng me også her i Frankrike! Etter fransktimane stakk me på mediathequet, der var det ingen ledige PCar, så me las bøker. Etter middag reiste eg og Guy opp og såg på det lokale damelaget. Der var det eit fantastisk oppmøte, heile tre damer hadde møtt opp! Ja, dette kan bli spennande, og eg vonar at det vert kjekt å spele fotball med dei!  Då eg kom heim igjen fann eg mine to romvenninner på kvar sin PC, og der har dei vore sidan. ...med unntak av eit lite dansenummer Idunn framførte, noko som var til stor glede for "vennen" til Synne i Finland.

Sidan dette er det einaste bilde eg har frå skulen, legg eg det ut.


Håpar alle heime har det godt, og at de har det kaldare enn oss!

Au revoir

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar