søndag 2. september 2012

Min vertsfamilie!

Ja, eg må nesten skriva litt om min vertsfamilien eg og då sidan Synne og Idunn har gjort det. Ja, som de no sikkert har fått med dykk vart me henta av vertsfamiliane i Caen. Deretter køyrde dei oss "heim". Diverre var det ein del rush-trafikk, så me tok ein an veg enn dei to andre. Då fekk eg sjå mange châteaux (slott), og sidan vertsfaren er ei levande historiebok fekk eg høyra masse om kven som hadde budd der, og kven som hadde budd der (men forstod fint lite). Huset er veldig fransk og veldig koseleg! ...Kan legga ut nokon bilder seinare.

Må nett skriva eit lite avsnitt om mat og matkultur her. Uff! Maten er kjempegod, kanskje altfor god, men dei et så sjukt masse, blir aldri svolten her.

Hier var eg og Danielle og Lucas på shopping. Eg kjøpte masse greier til skulestart. Beste kjøpet var heilt klart dei grå tøflene, dei reddar livet mitt! (kødda!) Ellers trur eg ikkje det skjedde så masse meir hjå meg i går. Familien er veldig sportsinteresserte og likar spesielt godt tennis. Så i går åt me middag rundt tven, noko eg trudde var ei dødssynd her i Frankrike (igjen, kødda!).

Dagens innkjøp!


I dag har eg vore på sykkeltur! Hehe, ja, eg har vore på sykkeltur. Først sykla me til ein skog der det var eit idrettsarrangement for unge argentanarar. Det gjekk ut på å først springa/jogga ein liten runde, så sykla ein runde og til slutt springa/jogga ein runde til. Det var interessant. Eg trudde i mitt simple sinn at me skulle snu og reisa tilbake, men nei då, dette var berre oppvarming!

Dette er då banen der dei praktiserte denne aktiviteten


Etter å ha sykla tilsaman 17 km kom me fram til det me kallar på "godt norsk" ein loppis. Det hadde dei alt mogleg tull, men familien fant to bescherelle'a som til saman kosta 1 euro, kjempebillig! Etter å ha gått rundt og snoka litt åt me lunsj, og igjen masse masse mat.

På veg til loppis nr.1. Dette er ein humpete grusveg. Haha, vent til de ser kva eg sykla på denne vegen med!

Her sykle då dei tour de France folkene, no har eg og gjort da!

Oss på tour de France vegen

Loppis nr.1



Nok eit château som berre er der.




Lunsj
til venstre: dessert
på fat: ferdigeten forrett
bak fat: ost
i tillegg til dette var det og pølse og bakt potet




Heile loppisen


Etter dette gjekk turen vidare til ein ny loppis, der dei også hadde masse rart. Då me kom heim sa Guy at fotballaget til Argentan spela kamp, så då heiv me oss på sykkelen igjen og fekk sett det siste kvarteret eller noko sånt. Då me kom til stadionen leda Argentan 2-0. Etter ein straffe fekk det andre laget blod på tann og utlikna ikkje lenge etter. Men tjue sekund før ordinær tid var over scora Argentan og vann då 3-2! Med dette gjekk laget vidare til den tredje runden i den franske cupen. Då kampen var ferdig møtte eg presidenten i fotballklubben og trenaren for jentelaget. Då me var heime hadde eg tilsaman sykla fira mil, aka 40 kilometer.

À bientôt !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar