søndag 16. desember 2012

PARIIIIS!

Heluuuuuu!

No ser eg EM-finalen via tven i stova heima på Voss! Nett no ser det ikkje bra ut. Meeen tilbake til Frankrike. I går var me i Paris! Vertsmora til Synne er så snill, så ho tok oss med. Og Paris er jo Paris, altså kjempesuperfantastiskherlig! Der fekk me handla ein del jolegåver, og dei me ikkje har kjøpt til no, ja, dei får ikkje. (No lede me kampen, heia Noreg!)

Ja, og så var eg i Caen på fredag, så eg får jo verkeleg reist rundt. Eg fann og ut kvifor eg reiste dit. Klassen min skulle på ei utstilling om noko fysikkgreier, det var veldig spennande!

æsj, der tapte me kampen.

Tok ikkje så mange bilder i går, så legg ut nokon andre eg fann på mobilen.

"Finn Willy"

Argentan er pynta til jol!


Caen kanskje?


Sist laurdag var eg og Synne ein liten tur i Caen, og ein liten pause er jo lov!


Synne på ein søt liten café, med ein rosa 
Sånn, no har eg blogga, fornøgd Synne?
...fem dagar til me reiser til det kalde nord!

Bisous

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar