tirsdag 11. desember 2012

J - 10!

Ja, no er det berre ti dagar til me reiser heim til jol! Det skal bli utruleg deilig! Har no hatt nokon dagar med veeeldig masse skule. Me har nemleg hatt Bac Blanc no. I går hadde me i fransk, og i dag har eg(Maria) hatt i historie/geo. Begge dagane har "berre" vore fire timar, men til forskjell frå Noreg, har me timar etter me er ferdige med Bac'en. Det kan jo vere litt tungt... I går fekk me heldigvis andre oppgåver enn dei franske. Me gjorde oppgåver om poesi. Men i dag har eg gjort nett det same som dei andre, einaste forskjellen var at eg fekk gjere det på engelsk. Då blir det jo litt greiare.

I morgon er det onsdag, og det er jo alltid kjekt. Planen vår er å sjå Harry Potter og drikke jolabrus!


Jepp, snart jol, see you!

Bisous

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar