torsdag 4. oktober 2012

Still alive

Hei og hå!

Ja, no har da gått ei lite stund sidan sist. Men her skal det få ein kjapp oppsummering av kva som har skjedd i det siste!
Sist helg reiste eg(Maria), Idunn og Annvor til Bayeux der me møtte gamle kjenningar. For meg var det spesielt kjekt å sjå Guroen igjen, og ekstra kjekt at ho hadde vore kjempegrei og tatt med ein sjokolade til meg! <3 dette hjerte er til deg Guro!

Idunn og meg i Bayeux, takk Bendik

Du får eit hjerta til <3


Kjøpte is, fordi me kan! ...er ikkje så kaldt her  he he

På måndag var me tilbake på internatet, ikkje så masse anna som skjedde.
På tysdag var det filmkveld her. Dei meiner at det er godt for miljøet blandt oss jentene på internatet. Diverre hadde ikkje filmen sous-titres, så for meg blei det nett litt keisamt. Endte med at eg kvilte augene over ein litt lengre periode.
I går var eg på utflukt med nokon av jentene i går. Og turen gjekk til (trommevirvel....) La maison des dentelles à Argentan! Altså eit museum der dei hadde blonder frå ulike områder i Frankrike, og frå ulike tider. Fantastisk!

Den søte parken i Argentan


Eg får heller ikkje til å snu bildene


Parken vår har det meste

Eg og Synne gjer alt for å prøva å bli franske. No har me begynt med hobbyen ost! Så omtrent kvar lunsj og middag nyt me ulike ostar, og etterpå har me heftige diskusjonar om smak, lukt osv.
Ellers tok Håvard seg ein tur til Argentan i dag, det er jo alltid kjekt!

EG FÅR BESØK I MORGON!!!!

À demain!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar