søndag 21. oktober 2012

Grensesprenging!

Ja, du las rett. Denne helga, eller denne laurdagen har eg og Idunn sprengt grenser! Me kunne starta eit program og kalla det: "Idunn og Maria gjer ting dei ikkje kan". Og allereie i første avsnitt ( i går) gjorde me mange nye ting. Kan tenkja meg at de er særs spente på kva det er me har gjort, så eg skal ikkje halda dykk  på pinebenken lenger. Dagen starta med at eg reiste opp og var med på eit arrangement som heitte "tennis en famille" der foreldre tok med dei små borna sine og lærte dei å spela tennis. Dette var litt forvirrande for meg for me blei delt inn i ulike grupper der foreldrene skulle gå ein plass, og ungane ein annan og eg ikkje gjekk under nokon av kategoriane. Eller då foreldra skulle spela saman med sine born var jo det og eit problem for meg med tanke på at eg ikkje har nokon born. Etter at dette arrangementet var over blei eg igjen litt med vertsbroren min Lucas for å spele litt meir. Og out of nowhere dukka Idunn opp, neidå, det var liksom planen. Idunn såg på kor flink eg hadde blitt, så då ville ho og prøva seg litt. Kva kan me seie, begge to er naturtalent, eller ikkje! Men me hadde ikkje tid til å spela så lenge, fordi det var fleire grenser som venta på å bli sprengt den dagen. På veg til neste stopp på den spennande ferda vår, gjorde me som alle oppdagelsesreisande og gjekk oss vill. Jepp, i vesle Argentan gjekk me oss vill! Så då måtte eg ringa og sei "On est perdu!" ..den har eg blitt mobba litt for i dag. Men etter langt om lenge og lenger enn langt fann me fram til ein ny idrettshall. Og denne gongen var det basketball som stod for tur. Nei, me har ikkje spelt basket, men me såg ein kamp. Ingen av oss kunne meir om basket enn kva me har lært av "One Tree Hill", så det blei ein smule keisamt. Men grensesprenginga stoppa ikkje der (diverre?). På kvelden var me begge to med våre vertsfamiliar på spetakkel eller spectacle. Neidå, var ikkje spetakkel, men jazzdans, men det kan jo til tider oppfattas som spetakkel. Etter jazzdansen vart det ikkje sprengt fleire grenser. Til slutt må eg og leggja til at Idunn begynte grensesprenginga før meg, ho har nemleg vore til frisøren i Frankrike, på fransk! Og ho er no trop belle!

Bisous!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar