lørdag 6. april 2013

BESØK+PARIS

Sånn, då har da gått nesten tre månader sidan sist eg skreiv eit innlegg her på bloggen (skal prøva å skjerpa meg!). Ja, masse har skjedd sidan sist, men da klart beste var då eg fekk besøk av Cecilie! Torsdag 28.mars reiste eg til Orly og møtte Cecilie, og saman reiste me tilbake til Argentan. Her var me til laurdag. Me har jo ikkje hatt påskeferie her i Frankrike, så fredag føremiddag var eg på skulen. Det var jo gøy, me leikte litt med E.Coli i SVT'en. Om ettermiddagen for eg og Cecilie rundt her i Argentan og såg på skulen og "byen" og sånt. På kvelden reiste me ut med Idunn, Mathilde, Adèle og Lucas, det var jo og veldig kjekt!

Cecilie utanfor kyrkja i Argentan.

Laurdag stod me kjempetidlig opp, og tok toget til Paris kl.07.08, og då me reiste var det snø på bakken (uff!). Heldigvis var det ingen snø i Paris, men det var litt kaldt der og. Laurdag besøkte me Notre Dame og mange av butikkane i Paris.

Notre Dame

Litt meir Notre Dame

Champs-Élysées



Søndag var me på Sacré-Cœur, ein liten tur opp i Eiffeltårnet og tok litt fleire butikkar.

Sacré-Cœur

La Tour Eiffel


Eiffeltårn med lys og greier


Me fekk sjukt lyst på créme brûlée, så då gjekk me rundt halve Paris for å finna det.

Så den turen var veldig kjekk, takk for besøk!

Etter dette har det ikkje skjedd så masse, besøkte eit atomkraftverk i Cherbourg (trur eg) på torsdag, men no biggie lizzm.

Bisous

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar