tirsdag 28. august 2012

Frankrike!

Bonsoir!

Her hiv me oss på fransken allereie, ja. I går kom me fram i Caen kor me skal vere og ha undervisning no fyrste veka. Her bur me alle ni utvekslingselevane i ein leilighet (med ein dusj på deling...). Det er veldig koseleg, alle er skikkeleg hyggelege (takk høgare makter). Kjenner eg gleder meg til fredag, då, for då kjem vertsfamiliane våre og hentar oss. Skal bli godt å få pakke ut av koffertane! Dessutan vil eg gjerne verte kjend med Argentan og sjølvsagt dei eg skal bu saman med.

I går styrte me masse rundt i Paris og bytta tog to-tre gongar berre for å komme frå flyplassen til stasjonen kor me skulle ta toget til Caen frå. Det var ein lettelse å komme fram til leiligheten me skulle bu i. Om kvelden gjekk me ut og åt på ein koseleg, typisk fransk resturant.



Her er me på resturanten: Maria til venstre, meg (Idunn) i midten og Synne til høgre. Me er ganske søte, d'accord?

I dag har me hatt franskundervisning med ein som heiter Håvard. Han var veldig koselig og morsom, men snakka seg veldig lett vekk (gjorde ingenting, egentlig, me lærde masse). Elles har CLE-elevane vore på skulebesøk medan me andre har vore å shoppa. Eg kjøpte ein diiiiger makron som såg ut som ein hamburger. Den knuste, så eg må kjøpa ein ny i morgon sånn at eg kan ta bilde av den og legge det ut på Instagram hahahahahahahaha. Hasjtagg instawhore.

Her er noen bilder fra dagen vår:
Marie, Idunn, Anne, Synne, Maria og Astrid <3

Caen city

OSS <3 <3<3<3



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar