mandag 20. mai 2013

Min vårferie

Heisann!

No har da gått ei stund sidan sist, og maaaasse har skjedd sidan 18.april. Me har hatt to, nesten tre veker med ferie! Idunn og Synne reiste til Norge, mens eg yolo'a og blei verande i Frankrike (er jo berre fira veker til me kjem heim no...!). Men det var veldig kjekt å vera her. Den første helga var eg i bursdag, det var veldig kjekt å vera på fest med dei i klassen, då blir du jo litt bedre kjent med folk sånn. Resten av veka skjedde det ikkje så masse, eg tok ein joggetur noko som førte til at vertsfamilien fekk sjokk. Men så kom laurdagen og eg reiste til Paris, og der møtte eg denna gjengen! Det var jo litt kult, at dei var i Paris då og!



Søndagen stakk me til Versailles. Ingen av oss hadde vore der før så det var veldig spennande og kult og fint og sånt. Me var heldige med vêret for me kunne kosa oss ute i sole i hagane til Solkongen.








Dette var tredje gongen me var i Paris i lag, mangla David då men, ja, første gongen me var der var i 2007, og då hadde me (meg, Anna og David) sjukt lyst til å reisa til Disneyland, men det blei ikkje den gongen. Me har altså måtta venta seks år før me endelig fekk reisa til Disneyland. Jaa, det var gøy!

Onsdag 1.mai hadde me ikkje tid til å henga meir i Paris, så me reiste vidare. Me tok TGV'en, og endte opp i Le Croisic. På stasjonen blei me henta av vertsforeldrene mine, deretter reiste me til huset deira der. Eg har vore der nede før ( Bretagne ), men dei andre har jo ikkje sett så masse anna av Frankrike enn Paris og Basse-Normandie. Vêret var ikkje heilt med oss, men me hadde likevel nokon veldig fine dagar der.

Fredagen reiste me vidare med den flotte bilen me hadde leigd oss. Etter masse køyring kom me endelig fram til the middle of nowhere, neidå, jodå, men da gjekk fint, for dagen etterpå var det berre sånn ti minutt å køyra før me kom fram til Le Mont St Michel. Det er ei lita av-og-til-øy. Då me var der var det ikkje ei øy, men kult quand-même.


Etter å ha vore der ei stund reiste me til Bayeux. Bayeux er jo Bayeux altså veldig fint og koselig. Søndagen var me i Caen. Alle gode ting må jo ha ein slutt, så måndag morgon reiste dei heim igjen.

Me var på skulen måndag og tysdag, fri onsdag torsdag, og skule igjen fredag. På onsdagen (8.mai) reiste eg og Idunn til Caen der me hadde ein bedre lunsj med dei norske der + Unn og Berit. 

15.mai hadde me bac blanc i fransk (tentamen), og det gjekk no heilt greit. 17.mai reiste Synne til Norge, og Idunn + meg stakk til Caen for å feira nasjonaldag med dei andre. Det var veldig kjekt.
Laurdagen reiste me til Rouen med vertsfamiliane våre. Vennar av vertsfamilien til Idunn var me oss, så me fekk ein skikkelig bra guida tur rundt i den kjempefine byen som ligg i Haute-Normandie. Eg reiste heim igjen med min familie om kvelden medan Idunn blei verande. 

I dag er det akkurat fire veker til me kjem heim for godt, og det kjem til å bli rart!

Håpe alle har ei fin pinsehelg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar